Alt før klokka 12, pinsedag: SUKSESS!

Og når me no fyrst har prata om både hattar og lokalaviser dei siste dagane, kva er vel betre enn å sjå på noko?
Til dømes ein lokalavisartikkel om hattemote. Til dømes frå Moss Dagblad (kvil i fred).
Dette er lokalaviskunst: overskrifta “Brillefint med hatt” når det er ein mann med briller som har hatt. (“Hatten holder brillene klare og regnfrie.”)
Dette er lokalaviskunst: kuriøst ordtøke (med feil særskriving*) i ingressen: “Nu går det mot vinterstid, og vi har ingen sommer hatt. Men hva skal man med sommerhatt når det går mot vinterstid?”
Dette er lokalaviskunst: formuleringa “men vi kunne ikke dy oss da vi traff rådmann Hans K. Birkeland på en kveldstur i Skarmyra-området”.
Dette er paranteshumor: “Birkeland nøler litt med svaret, men rister på hodet (hatten sitter perfekt likevel, den).”
Dette er paranteshumor: “Reis til København og gå opp «Strøget». Når du kommer til Højbro plass (det er ikke tre små kinesere der!) [...]“
Terningkast fem. Mye god lokalaviskunst og paranteshumor, men gløymer regelen om at ein alltid skal intervjua tre personar og konsekvent omtala dei som trekløveret.
*feil, skreiv eg fyrst. Men det er jo feil. No har eg vore hjå haugenbok.no og tinga ei** ABC-bok for å læra lesa på nytt.
** ein, skreiv eg fyrst. Men det er jo feil. No har eg vore hjå haugenbok.no og tinga eit gevær.

Nå kan det vel strengt tatt innvendast at det _skal_ vere særskriving i ingressen, då, elles mister ein den doble klangbotnen. Men dette er jo ein kongeeksempel på kvifor det er naudsynt å halde på særskrivinga i norsk – korleis skulle ein elles oppfatte at det handler om a) at ein b ikkje har hatt nokon somar og b) kva skal ein med sommarhatt vinterstid?
Signhild sa dette på mai 31, 2009 kl. 11:23
JA, fillern. Og det er jo ikkje strengt tatt ein gong. Det var berre eg som ikkje hadde kontaktlinsene eller hjernen på plass.
André sa dette på mai 31, 2009 kl. 11:31
Forøvrig vil eg berre ha meldt at avisa tek feil. Sist eg var på Højbro plass sat det tre relativt små kinesere der. Hadde det ikkje vore for at dei helsa kvarandre med “ni hao” hadde eg ikkje reagert, men altså. Det bør dog innvendes at dei IKKJE hadde kontabass. Joda.
Signhild sa dette på juni 2, 2009 kl. 02:32
Kva er særskriving no igjen? Og bra med den ABC-boka, for det heiter EI bok! Men men, kjempebra stykke!
Ola sa dette på juni 2, 2009 kl. 07:46
Tegningen gjør opp for absolutt alt.
Engeline sa dette på juni 2, 2009 kl. 08:23
Signhild, trur du det er turistkontoret som løner dei for å sitja der? Det er jo det ein ynskjer å sjå om ein fyrst skal vitja Højbro plass. I alle fall eg, trur eg.
André sa dette på juni 2, 2009 kl. 09:08
Eg innbiller meg at om det var turistnæringa som stod bak, ville det ha vore smarte nok til å la kineserane vere uniformerte med kontrabass, kinesiske flagg og kanskje Maos lille raude. Eller så har dei gjort det, men at dei tre små vi såg bare var late og mot uniformering og alt for høge instrument?
Signhild sa dette på juni 5, 2009 kl. 14:12