Og no: politikk
Ikkje berre har Sambandsstatane fått den fyrste presidenten med ei bestemor frå eit kontinent som heiter Afrika. Omtrent samstundes som amerikanarane innsette Barack H. Obama som verdas mektigaste mann, skjedde òg noko anna historisk. På tysdag var det fyrste gongen i verdshistoria ein amerikanar vart president for gjæsene på jorda. Og for ei tale han, Bakvakk Obama, heldt under innsetjinga. Alle me som var der følte det herlege draget av historisk vind som sveipa over oss. Seinare på kvelden flaug me i plogformasjon til eit fint våtmarksområde kvar me heldt ball. Og ingen kollapsa!


Jøss! Korleis klarar brillane å halda seg på plass? Gåsa har jo ingen øyre.
(Og litt småpirk: det heiter gjæser, ikkje gjess. Med mindre Bakvakk er ein bokmålar.)
Simon sa dette på januar 22, 2009 kl. 16:29
Takk for spørsmål.
Eg trur brillene er festa med superlim, men er eg ikkje sikker.
Så til språkkommentaren om Bakvakk. Han er samnorsking. Han er faktisk fyrste samnorskingen som vinn eit presidentval. Han har ei bestemor som budde på Hawaii, ei som bur i Afrika og ei tredje som er busett i Moltke Moe tidleg på 1900-talet.
André sa dette på januar 22, 2009 kl. 20:21
Å. Samnorsk. Det har eg ikkje tenkt på sidan vidaregåande. Lange varme stilar om samnorsk som er løysinga på alle våre språkproblem, men som alltid endte med konklusjonen om at det er totalt umogleg på grunn av dei store forskjellane. Jadda. Eg sjarmerte norsklærarane, da.
Idun sa dette på januar 22, 2009 kl. 23:26